Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

Alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø, som fremjar helse, trivsel og læring.

Elevtenesta

Elevtenesta vil bidra til å gjere skulekvardagen best mogeleg for deg som elev. Skulen ønskjer at du skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø, og oppleve fagleg meistring og personleg utvikling.

  • Treng du nokon å snakke med?
  • Treng du studierettleiing?
  • Treng du hjelp til å søkje om stipend?
  • Har du behov for tilrettelagd eksamen, eller har du behov for spesialundervisning?

Dette er noko av det vi kan hjelpe deg med.

Av og til kan det vere slik at du treng hjelp frå andre instansar som:

  • Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
  • Oppfølgingstenesta (OT)
  • Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
  • NAV
  • Barnevernet
  • Politi.

Vi kan hjelpe deg med å få kontakt med desse og samarbeider tett med alle tenestene.

Vårt fokus er at du skal ha ei god tid som elev på Osterøy vidaregåande skule.

Line Brudvik Myhr

Elevtenesta

Dette året er det Line Brudvik Myhr som er leiar for elevtenesta. Ho har i samarbeid med resten av teamet ansvar for at du som elev får støtte frå dei som kan hjelpe deg best.

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar Beate Kleppe er tilgjengeleg på skulen kvar onsdag og av og til torsdag frå 08.30–14.00.

Helsesjukepleiar har open dør. Det vil seie at du som er elev ved skulen ikkje treng å bestille time. Avtale hjå helsesjukepleiar blir rekna som gyldig fråvær når det er dokumentert. Helsesjukepleiar har teieplikt, og tilbodet er gratis.

Les meir om helsesjukepleiar


Miljøkoordinator

Herdis Holmås Blake er miljøkoordinator her på skulen, og saman med resten av elevtenesta er ho med å bidrar til eit positivt, trygt og godt skulemiljø. Ho har kontor nederst i administrasjonsgangen i 1. etg. Dersom du som elev lurar på noko eller treng nokon å snakka med, så berre kom og bank på.

Les meir om miljøkoordinator

 

Elevrådet og skulemiljøutvalet

Du kan vera med og bestemma over skulekvardagen gjennom elevrådet og skulemiljøutvalet. Elevrådet skal ta opp saker som du som elev synes er viktige. Det blir valt elevrådstyre kvart skuleår.

Les meir om ElevrådetLes meir om Skulemiljøutvalet

Elev- og lærlingombod i Vestland

Hjå elev- og lærlingombodet kan elevar og lærlingar få råd, rettleiing og støtte. Dei følgjer opp førespurnader og saker, og skal vere med på å kvalitetssikre opplæringa i skule og lærebedrift. Dei skal også vere ein pådrivar for at dei som jobbar med vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova.

Les meir om Elev- og lærlingombodet