Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Bilete av elev i praktisk arbeid på praksisrommet til Helse og oppvekst

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Om du bryr deg om menneske og ser for deg at det å jobba med menneske er noko du kunne tenkja deg, er helse- og oppvekstfag det rette for deg. Du bør vera god til å kommunisera og samarbeida med menneske i ulike aldre og livssituasjonar.

Vi tilbyr:

  • Vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Vg2 Helsearbeidarfag

Helse- og oppvekstfag vil gje deg ei utdanning mot interessante, givande og etterspurde yrke innan helse- og oppvekstsektoren.

Les meir på vilbli.no

Det er viktig for oss at elevane får delar av opplæringa si i bedrift. Derfor har vi eit tett og godt samarbeid med skular, barnehagar og sjukeheim i Osterøy kommune. Du vil på denne studieretninga oppleve at teori og praksis er tett knytt til kvarandre. Du vil få brukt deg sjølv i lærerike og utfordrande situasjonar.

Søk opptak

Sjå video frå Helse og oppvekst sitt praksisrom

Vg1 Helse- og oppvekstfag

 

På vg1 Helse- og oppvekstfag møter du desse programfaga:

  • Kommunikasjon og samhandling
  • Helsefremmande arbeid
  • Yrkesliv i helse- og oppvekstfag

I tillegg har vi faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), og vi tilbyr Toppidrett fotball som programfag på yrkesfag.

Bryr du deg om andre menneske? Er du god på kommunikasjon? Likar du å jobba saman med andre?

Helse- og oppvekstfag er eit utdanningsprogram som fører fram til yrke som til dømes helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, hudpleiar, ambulansearbeidar, farmasiteknikar og fotterapeut. I faget Yrkesfagleg fordjuping er elevane utplasserte ein dag i veka stort sett heile skuleåret.

Dette programmet passar for deg som likar å arbeida med menneske, har evne og vilje til å samarbeida, samtidig som du kan ta avgjerder på eiga hand. 

Læreplan vg1 Helse- og oppvekstfag

Vg2 Helsearbeidarfag

 

Etter vg1 tilbyr vi vg2 Helsearbeidarfag som vil gje deg kompetanse til å jobba på sjukehus og sjukeheim, i heimesjukepleien, i rusomsorgen og innan psykiatrien, i skulen med barn eller ungdom som treng ekstra hjelp, ved opptrenings- og behandlingssentre og i bofellesskap og andre institusjonar innanfor helsefaga.

På vg2 Helsearbeidarfag møter du desse programfaga:

  • Kommunikasjon og samhandling
  • Helsefremmande arbeid
  • Yrkesliv i helse- og oppvekstfag

I tillegg har vi faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), og vi tilbyr Toppidrett fotball som programfag på yrkesfag

Hjå oss vil du få praksis innanfor helse- og omsorgstenesta og målet er at du skal utvikla deg til å bli ein kompetent helsefagarbeidar som møtar pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte.

Læreplan vg2 Helsearbeidarfag

Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Norsk 0 4
Engelsk 5 0
Matte 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Kommunikasjon og samhandling 5 5
Helsefremmande arbeid 7 7
Yrkesliv i helse- og oppvekstfag 5 5
Yrkesfagleg fordjuping 6 9
Sum timetal per veke 35 35

 

Bilete av to elevar og lærar som øver på praksisrommet

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vita korleis du søkjer læreplass, kva for nokre bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass finn du meir info i lenka under.