Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Elevar på tilrettelagt opplæring teiknar på eit ark

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Tilrettelagt opplæring

Vi tilbyr opplæring i lita gruppe for elevar som har behov for ei individuell tilrettelegging av opplæringa. Vi har to ulike tilbod innafor opplæring i lita gruppe, der opplæringa har mål om å gi kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Elevane skal meistre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass, eller i ei vekstbedrift.

Gruppene er knytt til utdanningsprogramma
• Teknologi- og industrifag
• Helse- og oppvekstfag

Våre kompetente tilsette tar utgangspunkt i det faget eller deler av faga som eleven meistrar, slik at eleven kan kome lengst mogleg innafor sitt potensiale og forutsetningar. Vi har fokus på å skape eit inkluderande felleskap der alle kjenner seg likeverdige, blir sett og har reell medverknad.

 

Korleis søkjer eg?

Ordninga krev at eleven har enkeltvedtak om spesialundervisning. Du kan søkje via nettsida vigo.no og må i tillegg fylle ut eit søknadsskjema. 

Søknadsfristen er 1. februar.

Du skal kontakte rådgjevar på ungdomsskulen for å få hjelp til å søke.

Søk her

Meir informasjon om inntak