Hopp til hovedinnhold

Toppidrett fotball

Elevar som spelar fotball

Toppidrett fotball er eit 5-timars valfritt programfag henta frå idrettsfag, som vi tilbyr elevar som går på Studiespesialisering (vg1 og vg3) og yrkesfag (vg1).

På yrkesfag kjem 3 av timane i tillegg til ordinær timeplan og 2 av timane går inn i faget Yrkesfagleg fordjuping.

Vi legg til rette for at du skal kunne kombinera utdanning og fotball. Vi har tett samarbeid med klubbane i nærområdet og vil vere med på å utvikla og følgje opp kvar enkelt spelar, slik at dei kan tilegna seg gode og taktiske fotballmessige kunnskapar. Våre trenara har lang fotballfagleg erfaring og både trenara, skulen sine øvrige tilsette og leiinga ser på deg som fotballspelar, som ein verdifull tilvekst til skulen vår.