Studiespesialisering

Elevar i kjemi

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Er draumen å bli lærar, ingeniør, advokat eller arkitekt? Eller kanskje du vil arbeida som IT-konsulent, økonom, lege, psykolog eller politi?

Studiespesialisering er det utdanningsprogrammet som gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet - og fører med dette til mange ulike yrke. Studiespesialisering fører fram til studiekompetanse og tek utgangspunkt i teoretiske fag.

Les meir på vilbli.no

Vi tilbyr:
  •  Breiddeidrett 1 og Breiddeidrett 2 som valfritt programfag på Vg1 og Vg3
  • Toppidrett fotball som valfritt programfag på Vg1
  • Små grupper med god oppfølging frå lærarane


Søk opptak

Vg1 Studiespesialisering

 

På Vg1 er alle fag med unntak av matematikk og framandspråk fellesfag. For skuleåret 2022/2023 tilbyr vi føljande framandspråk:

  • Tysk nivå 1 og nivå 2.
  • Spansk nivå 2

Det er vanleg å halda fram med det framandspråket du hadde på ungdomsskulen. Tysk 1 er i utgangspunktet eit tilbod til deg som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen, men òg eit alternativ til deg som har hatt eit framandspråk på ungdomsskulen som me ikkje tilbyr.

I matematikk må du velja mellom teoretisk matematikk (1T) og praktisk matematikk (1P).

I tillegg til fellesfaga har vi og tilbod om breiddeidrett 1 og toppidrett fotball på Vg1.

Læreplan Vg1 Studiespesialisering

Vg2 Studiespesialisering

På Vg2 må du velja mellom to programområde, realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Du må ha fordjuping i to fag frå same programområde over to år. I tillegg kan du velja fag uavhengig av programområde.

For skuleåret 2022/2023 tilbyr vi følgjande fag:

Språk, samfunnsfag og økonomi:
  • engelsk 1
  • økonomistyring
  • sosiologi og sosialantropologi
Realfag:
  • matematikk R1 og S1
  • biologi 1
  • kjemi 1
  • fysikk 1 og biologi 1 annan kvart år

(med atterhald om nok søkjarar for å setja i gang fag)

Læreplan Vg2 Studiespesialisering

Vg3 Studiespesialisering

På Vg3 må du fortsetja med to programfag innan ditt område. I tillegg må du ha eit tredje fag.

For skuleåret 2022/2023 tilbyr vi følgjande fag:

Språk, samfunnsfag og økonomi:
  • engelsk 2
  • økonomi og leiing
  • sosialkunnskap
 Realfag:
  • matematikk R2
  • matematikk S2
  • kjemi 2
  • fysikk 1 (vi tilbyr fysikk 1 og biologi 1 annakvart år)


Valfritt programfag:
breiddeidrett 2 (breiddeidrett 1)
(med atterhald om nok søkjerar for å setja i gang kvart fag)

Læreplan Vg3 Studiespesialisering

Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Norsk 4 4 6
Matte 5 3 0
Engelsk 5 0 0
Geografi 2 0 0
Samfunnskunnskap 3 0 0
Framandspråk 4 4 0
Kroppsøving 2 2 2
Naturfag 5 0 0
Historie 0 2 4
Religion og etikk 0 0 3
Programfag 0 15 15
Sum timetal per veke 30 30 30
Elevar og lærar i fysikk

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkja opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du og informasjon om kva slags opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.  Har du ikkje bestemt deg, kan du få gode tips på utdanning.noutdanning.no