Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Vi har teieplikt og tenesta er gratis.

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar Beate Kleppe er på skulen kvar onsdag frå 08.30 – 14.00.

  • Kontoret til helsesjukepleiar finn du i 1 etasje, i administrasjonsgangen.

Helsesjukepleiar har open dør. Det vil seie at du som er elev ved skulen ikkje treng å bestille time. Avtale hos helsesjukepleiar blir rekna som gyldig fråvær når det er dokumentert. 

Hjå helsesjukepleiar kan du ta opp ulike emne:

  • Om du er trist eller lei
  • Søvnproblem
  • Uro
  • Kosthald
  • Vonde opplevingar
  • Prevensjon/seksualitet
  • Rus
  • Andre helsespørsmål

Helsesjukepleiar samarbeider, med eleven sitt samtykke, med foreldre og føresette, lærarar, rådgjevarar, psykolog, lege, fysioterapeut, barnevern og PPT.

Helsesjukepleiar

Ring eller send SMS

Helsesjukepleiar kan treffast alle dagar utanom fredagar på mobil. Hugs navn når du sender SMS!

Beate Kleppe

Helsesjukepleiar

Helsestasjon

Helsestasjon for ungdom finn du på Familiens hus i Lonevåg ,og den er open kvar tysdag kl 15.00 til 16.30.  Her treff du lege og helsesjukepleiar.