Hopp til hovedinnhold
Bilete av framsida med hovudinngang til skulebygget

Velkomen til skulen vår

Osterøy vgs ligg i Lonevåg på Osterøy ca. 40 min køyring frå Bergen sentrum. Skulen har om lag 180 elevar fordelt på fire utdanningsprogram. Det moderne skulebygget var ferdigstilt i 2010, med mykje nytt utstyr og lyse trivelege lokaler. På skulen jobbar vi aktivt for eit godt og inkluderande skulemiljø, og vi har svært gode resultat innan trivsel, læringskultur, faglege utfordringar samt elevdemokrati og elevmedverknad.
Bilde fra Jobb- og utdanningsmessa i Osterøyhallen med teksten "Hald av datoen! 12.11.2026"

Jobb- og utdanningsmessa 2026

Hald av datoen og meld dykk på som utstillar på årets Jobb- og utdanningsmesse i Osterøyhallen 12. november. Her kan de vise ungdom frå ungdomsskule og vgs kva moglegheiter de har i dykkar bransje – og bli synlege for framtidas lærlingar og arbeidskraft. Saman byggjer vi framtida!
Elevar samla rundt eit bord

Miljøet på skulen

Vi jobbar aktivt og systematisk for at det skal vere eit godt psykososialt miljø på skulen, der kvar enkelt elev kan oppleva tryggheit og sosial tilhøyrsle. Eleven sitt psykososiale miljø dreier seg om korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre på skulen.

Aktuelle saker

07.08.2026

Venteliste skuleåret 2026/2027

Ønsker du å stå på skulen si lokale venteliste?

02.07.2026

Skulestart 2026/2027

Velkomen til eit nytt skuleår! Her er viktig informasjon for deg som elev på Osterøy vidaregåande skule til hausten.

Bilete av  elevar som går inn i skulebygget første skuledag
30.06.2026

Jobb- og utdanningsmessa 2026

Sett av datoen 12.11.26 for årets Jobb- og utdanningsmesse i Osterøyhallen.

22.05.2026

Oppdatert skulerute

Ny oppdatert skulerute for skuleåret 2026/2027.