Teknologi- og industrifag

Elev i verkstaden på TI

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

På Teknologi- og industrifag vil du få ei opplæring som skal bidra til ei brei teknisk fagplattform som er etterspurd i mange bransjar. Du må kunna arbeida nøyaktig, sikkert og systematisk.

Dette utdanningsprogrammet er inngangsporten til ei lang rekkje spennande yrke, som til dømes CNC-operatør, sveisar, platearbeidar, industrimekanikar og industrirøyrleggjar.

Les meir på vilbli.no

Vi tilbyr:
  • Vg1 Teknologi- og industrifag 
  • Vg2 Industriteknologi

Osterøy vidaregåande skule har ein  lang og god tradisjon innan mekaniske fag. Vi har nye verkstadlokale med moderne utstyr og ein lærarstab med lang erfaring og brei kompetanse innan tekniske fag og industrifag. Vi kan tilby et godt sosialt miljø, og gjer det vi kan for at du som elev skal trivast hos oss. Vi har også eit nært og godt samarbeid med lokal industri, og elevane får utplassering i lokale bedrifter.

På verkstadene får elevane utfolda seg praktisk. Vi har både manuelle og datatstyrte dreiebenkar og fresar som gir eit godt inntrykk av det som blir brukt i industrien i dag.

Søk opptak

Vg1 Teknologi- og industrifag

 

På Vg1 Teknologi- og industrifag lærer du mellom anna å meistra teknisk teikning, fresing, dreiing, hydraulikk, pneumatikk, montering, sveising og HMS/dokumentasjon.

På Vg1 Teknologi- og industrifag møter du desse programfaga:

  • Produktivitet og kvalitet
  • Konstruksjon og styringsteknikk
  • Produksjon og tenester

I tillegg har vi faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), og vi tilbyr Toppidrett fotball som programfag på yrkesfag.

Gjennom opplæringa skal du utvikla praktiske ferdigheiter, fagleg innsikt, refleksjon og evnen til kritisk vurdering.

Læreplan Vg1 Teknologi- og industrifag

Vg2 Industriteknologi

 

Vg2 Industriteknologi er den breiaste av retningane etter Vg1, der du etterpå kan velja mellom 23 mogelege yrkesfag. 

Innafor industriteknologifaget vil du læra å skjera, kutta, saga, sveisa, fresa, stansa, lokka og forma etter arbeidsteikningar. Ikke minst får du testa og setja saman enkle konstruksjonar ved hjelp av stål, lettmetall og nye materialtypar. 

På Vg2 Industrifag møter du desse programfaga:

  • Teknologi
  • Vedlikehold

I tillegg har vi faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), og vi tilbyr Toppidrett fotball som programfag på yrkesfag.

Programområdet Industriteknologi skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan mekanisk og teknisk industri, prosessindustri og grafisk produksjon. Denne typen industri er prega av kontinuerlig teknologisk utvikling med aukande grad av automatisering og datastyring av arbeidsprosesser.
Vg2-klassen held til i same lokala som Kompetansesenteret for CNC og robot, og har såleis tilgang til moderne CNC-maskiner og robotar.  Dei som meistrar programmering og bruk av slike maskiner er etterspurde på arbeidsmarknaden.

Læreplan Vg2 Industriteknologi

Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Norsk 0 4
Engelsk 5 0
Matte 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Produktivitet og kvalitet 5 0
Konstruksjon og styringsteknikk 5 0
Produksjon og tenester 7 0
Teknologi 0 12
Vedlikehold 0 5
Yrkesfagleg fordjuping 6 9
Sum timetal per veke 35 35

 

Ut i lære

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søkjer læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenka under.