Hopp til hovedinnhold

Kjøttfri onsdag og berekraftig kantine

Bilde av salatbaren

Kvar onsdag har vi kjøttfri dag i kantina på skulen.

Onsdag denne veka var det freistande baguettar, ein innhaldsrik salatbar og vegetarpizza til lunsj. Som Miljøfyrtårn og ein del av kantineprosjektet "berekraftige kantiner", som er eit samarbeid mellom Matvalget og Vestland fylkeskommune, vil vi ha fokus på sunn, bærekraftig og økologisk mat. Kjøttfri onsdag er eit av tiltaka som vi allereie har hatt her på skulen i fleire år. Nokre av måla framover er at vi skal servere meir økologisk mat, og at vi skal bake meir sjølv. Til bakinga er vi så heldige å få hjelp av elevane frå arbeidstrening, som bakar nydelige brød og foccacia.