Hopp til hovedinnhold

Fordjupingsoppgåve

Elevane i 3ST skal gjennomføre eit arbeid med ei sjølvvalt fordjupingsoppgåve. Her finn du litt hjelp.

Det er viktig å finne noko du likar å lese og jobbe med. Det er også lurt å velje eit emne det er greitt å få tak i nok stoff om. I utgangspunktet skal det veljast stoff som er så omfattande at vesentlege sider ved emnet blir fanga inn. Val av emne og presentasjonsform må avklarast med norsklæraren din.

Litteratur

  • Forfattarstudium - du må ta for deg fleire bøker/teikneseriar av same forfattar og bøker/artiklar om forfattaren
  • Sjangerstudium - du må ta for deg fleire bøker/teikneseriar i sjangeren (t.d. kriminallitteratur, romantisk litteratur, fantasy) og bøker/artiklar om sjangeren
  • Epokestudium - du må ta for deg fleire forfattarar frå same litteraturhistoriske periode og bøker/artiklar om perioden og forfattarane
  • Emnestudium - du må ta for deg eit tema og fleire (ev. ein) forfattarar og bøker/teikneseriar/artiklar om emnet

Språk

  • Dialektar
  • Stadnamn/personnamn
  • Språkhistoriske emne
  • Språksosiologi

Media

  • Skjønnlitteratur og film - samanlikning
  • Filmanalyse - samanlikning
  • Analyse av reklame
  • Språk/innhald/stilistikk i radio, fjernsyn, bloggar, m.m.

Nettsider som kan hjelpe deg å velje

  • Txt.no - tema. Her finn ein stoff om fleire litterære emne og sjangrar som t.d. krim, eventyr, kjærleik, bok til film.
  • Ønskebok - ein annan måte å finne bøker på
  • Temalitteratur - Deichmanske bibliotek
  • Nynorskboka - tips om gode nynorskbøker frå Nynorsksenteret
  • Atekst - artikkeldatabase (abonnement - tilgjengelig når du er logga på skulen sitt nettverk) skolen har ikke dette
  • NORART - norske tidsskriftartiklar. Berre henvisning, sjølve artikkelen må bestillast på biblioteket

Denne bloggposten frå Norsklærer med digitalt grensesnitt kan hjelpe deg å forstå kva som blir forventa av deg.

God kjeldebruk

Det er viktig å vere kritisk til alt materiale du finn og spesielt kritisk til det du finn på Internett. 
Husk å oppgi kjelder, dvs. kva for bøker og anna materiale du har brukt. 
Sjå biblioteket si side om kjeldebruk. 

Bruk av biblioteket

Biblioteket kan hjelpe deg med å finne bøkene du treng, hjelpe deg med søking på internett og tipse om fleire gode nettstader å leite på.

  • Skjønnlitteratur (også lydbøker) - frå lånedato til innleveringsdato for oppgåva
  •  Sekundærlitteratur (dvs. bøker om emnet/forfattaren) - 4 veker
  •  Filmar - 1 veke. Kan fornyast
  •  Biblioteket kan skaffe bøker frå andre bibliotek dersom vi ikkje har dei sjølv, men for slike bøker er det berre 4 vekers lånetid.