Du kan vera med å bestemma over skulekvardagen din gjennom elevrådet.
Elevrådet arbeider for at alle skal inkluderast og trivast på skulen. Dei arbeider for eit godt skule- og arbeidsmiljø. Elevrådet representerer elevane ovanfor rektor og andre som bestemmer på skulen. Er det noko du ikkje er nøgd med på skulen, kan du ta det opp i elevrådet. Vil du bidra til å laga eit godt skulemiljø, kan du engasjera deg som elevrådsrepresentant. Kvar klasse velger sin representant til elevrådet ved skulestart.
Elevrådet 2025/2026
| Klasse | Tillitsvalgt | Verv |
| Vg1 HO | Ratchanon Tasai | |
| Vg1 EL | Nathaniel Myrås | Skrivar |
| Vg1 TPA | Ole Kristian Halstensen Rodal | |
| Vg1 TPB | Luca Tuft-Johannesen | |
| Vg1 ST | Elise Mæhle Hauge | |
| Vg2 HE | Wiktoria Strozak | |
| Vg2 ELA | Tommy Haaland | |
| Vg2 ELB | Endre Revheim | |
| Vg2 IND | Robin Mikal S. Eliassen | Nestleiar |
| Vg2 ST | Telma Utvær Bernes | Leiar |
| Vg3 ST | Eirik Reigstad | |
| Arbeidstrening | Isak Gullbrå |
