Frå måndag 9. mars startar Skyss ein gradvis utrulling av den nye Skyss-appen. Den nye appen inneheld både reiseplanlegging og kjøp av billettar. Skoleskyssbillettar er ikkje klart i den nye Skyss-appen, og derfor vil Skyss Billett framleis leve vidare i ein periode.
Elevar med skoleskyssbillett må altså framleis bruke appen Skyss Billett for framvising av sin skoleskyssbillett!
Appen Skyss Reise blir erstatta av den nye appen «Skyss».
Appane Skyss Billett vil fungere som før inntil vidare, men skal etter planen bli utfasa i løpet av 2026. Før dette vil og skoleskyssbilletten komme i ny app. De vil få beskjed når den nye skoleskyssbilletten er klar!
