Velkomen til eit nytt skuleår! Her er viktig informasjon for deg som elev på Osterøy vidaregåande skule til hausten.
Oppmøte første skuledag
Første skuledag er allereie torsdag 13. august.
Vg1 og vg2 elevar i ordinære klassar
For alle nye elevar på vg1 og vg2 i ordinære klassar vil kontaktlærar invitere til individuelle samtalar. Tildelt tidspunkt kjem på SMS nokre dagar i forkant. Torsdag 13. august går difor med til desse samtalane.
Vg3 elevar
Oppmøte torsdag 13. august kl. 08.30 - 13.45, du møter direkte i klasserom.
Arbeidstrening
Oppmøte torsdag 13. august kl. 08.30 - 13.45, du møter direkte i klasserom.
*Dersom du køyrer moped/motorsykkel til skulen ber vi deg om å parkere på oppmerka plass på parkeringsplassen bak skulebygget.
For deg som er elev på Osterøy vidaregåande skule
Her har vi samla viktig informasjon du bør lese igjennom før du møter første skuledag.
Visma InSchool – timeplanar med meir
Visma InSchool (VIS) er eit skuleadministrativt system der du vil finne mellom anna timeplanar og oversyn over fråværet ditt. Du kan varsla fråvær og sende inn søknader i VIS. Du vil òg finne halvårsvurderingar og standpunktvurderingar i VIS. Føresette kan få avgrensa tilgang til VIS.
Pålogging og meir informasjon
Lånekassen
Så lenge du har ungdomsrett, kan du få stipend og lån frå Lånekassen. Søknadsfristane er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret. Du kan søka så snart du har takka ja til skuleplassen.Søk her
PC til skulearbeid
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan ta med ein du har frå før, eller du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune. Den rimeligaste modellen er anbefalt og meir enn god nok til skulearbeidet. Programvare til bruk i læringsarbeidet får du hjå oss.
Osterøy vidaregåande skule anbefalar ikkje Mac dersom du er elev på Teknologi- og industrifag eller Elektro og datateknologi.
Bestill PC via Vestland fylkeskommune sin avtale her
Samtykkefråsegn angåande fotografering
Gjennom året tek vi klasse- og portrettbilete, og bilete av aktivitetane til elevane på skulen. For at vi skal kunne publisera desse i kanalane til skulen, må eleven ha gitt samtykket sitt. Skjemaet blir lagra i skulen sitt digitale arkiv.
Signer her
Lærebøker
Alle elevar får låne lærebøker på skulebiblioteket. For at du skal få lånt desse bøkene må du på førehand ha signert ei digital lånekontrakt. Du treng MinID/BankID.
Merk deg at dine føresette og må signere avtalen, dersom du er under 18 år. Eleven må signere først, deretter vert det automatisk sendt eit signeringsoppdrag til den føresette eleven oppgjer i si signering.
Alle elevar må signere låneavtale kvart skuleår.
Du må vise fram kvittering på signert lånekontrakt før du kan få utlevert skulebøker.
Signer herLåneavtale
Bokskåp
Alle elevar får tildelt eit bokskap for oppbevaring av lånte bøker og anna privat utstyr. Hugs å ta med eigen hengelås du skal nytte på bokskapet ditt, til første skuledag. Du kan og få kjøpt hengelås i kantina.
Skuleskyss
Elevar som har rett på gratis skuleskyss, må søke sjølv i ElevSkyss.Kven har rett på gratis skuleskyss og korleis søke?
Kantina
Det er gratis skulefrukost kvar dag mellom kl. 09.30 og kl. 09.45.
Kantina er ope frå kl. 10.45-12.00 og kl. 12.30-14.00.
Spesielt for deg som startar på Vg1
Vi legg stor vekt på at du skal finne deg godt til rette og få ein finast mogleg skulestart.
Onsdag 19. august vert det aktivitetsdag ved Husavatnet. Då vil du saman med klassa di få oppgåver og utfordringar de skal løyse saman. Det vert premiering og grilling.
I løpet av dei første vekene har vi planlagt ein Bli-kjent-tur med overnatting på Kvamskogen for kvar klasse på vg1. Her vert det lagt til rette for å bli godt kjent og knytte nye venskap. Vår Miljøkoordinator vil delta på alle turane. Kontaktlærar for klassen vert og med.
Vi gler oss allereie til ny tur!
Sjekk gjerne ut Osterøy vgs på sosiale medier.
Dersom du lurar på noko må du gjerne ta kontakt med oss
Avdelingsleiarane
Hilde Saugerud Standnes
ass. rektor/avdelingsleiar
Line Brudvik Myhr
avdelingsleiar
