Velkomen til nytt skuleår! Her finn du informasjon for deg som skal starte på Osterøy vidaregåande skule til hausten.
Oppmøte første skuledag
Første skuledag er torsdag 15. august, og du møter i Atriet (fellesområdet).
- vg1 - kl. 08.30
- vg2 - kl. 10.00
- vg3 - kl. 10.00
- tilrettelagt opplæring - kl. 08.30
Skuledagen sluttar kl. 13.50 for alle elevane denne dagen.
Dersom du køyrer moped/motorsykkel til skulen ber vi deg om å parkere på merka plass.
For deg som er ny elev på Osterøy vidaregåande skule
Her har vi samla viktig informasjon du bør lese igjennom før du møter første skuledag.
Visma InSchool – timeplanar med meir
Visma InSchool (VIS) er eit skuleadministrativt system der du vil finne mellom anna timeplanar og oversyn over fråværet ditt. Du kan varsla fråvær og sende inn søknader i VIS.
Du vil òg finne halvårsvurderingar og standpunktvurderingar i VIS.
Føresette kan få avgrensa tilgang til VIS.
Pålogging og meir informasjon
Lånekassen
Så lenge du har ungdomsrett, kan du få stipend og lån frå Lånekassen. Søknadsfristane er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret. Du kan søka så snart du har takka ja til skuleplassen.
Få meir informasjon og søk.
Samtykkefråsegn angåande fotografering
Gjennom året tar vi bilde av aktivitetane til elevane på skulen. For at vi skal kunne publisera desse i kanalane til skulen, må eleven ha gitt samtykket sitt. Skjemaet blir lagra i skulen sitt digitale arkiv.
Vi ber om at du signerer samtykkeskjema før første skuledag her.
Lærebøker
Alle elevar får låne lærebøker på skulebiblioteket. For at du skal få lånt desse bøkene må du på førehand ha signert ei digital lånekontrakt. Du treng MinID.
Merk deg at dine føresette og må signere avtalen, dersom du er under 18 år.
Alle elevar må signere låneavtale kvart skuleår.
Merk at du må vise fram kvittering på signert lånekontrakt før du kan få utlevert skulebøker.
Vi ber deg signere lånekontrakta før du møter første skuledag her.
Bokskap
Alle elevar får tildelt eit bokskap for oppbevaring av lånte bøker og anna privat utstyr. Hugs å ta med eigen hengelås du skal nytte på bokskapet ditt, til første skuledag.
PC til skulearbeid
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan ta med ein du har frå før, eller du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune. Den rimeligaste modellen er anbefalt og meir enn god nok til skulearbeidet. Programvare til bruk i læringsarbeidet får du hjå oss.
Osterøy vidaregåande skule anbefalar ikkje Mac dersom du er elev på Teknologi- og industrifag eller Elektro og datateknologi.
Bestill PC via Vestland fylkeskommune sin avtale.
Skuleskyss
Elevar som har rett på gratis skuleskyss, må søke sjølv i ElevSkyss.
Kven har rett på gratis skuleskyss og korleis søke?
Kantine
Det er gratis skulefrukost kvar dag mellom kl. 08.10 og kl. 08.35.
Kantina er ope frå kl. 10.00 til kl. 13.30.
Spesielt for deg som startar på Vg1
Vi legg stor vekt på at du skal finne deg godt til rette og få ein finast mogleg skulestart. Ved oppmøte blir det namneopprop og kontaktlærar vil følgje klassa samla til klasserommet. I klasserommet vil du få tilvist plass, med namnelapp på din pult.
Første fredag blir det aktivitetsdag ved Husavatnet. Då vil du saman med klassa di få oppgåver og utfordringar de skal løyse saman. Det blir premiering og grilling.
I løpet av dei første vekene har vi planlagt ein Bli-kjent-tur med overnatting på Kvamskogen for kvar klasse. Her vil det bli lagt til rette for å bli godt kjent og knytte nye venskap. Vår Miljøkoordinator Herdis vil delta på alle turane. Kontaktlærar for klassa blir også med. Vi gler oss allereie til ny tur!
Sjekk gjerne ut Osterøy vgs på sosiale medier.
Dersom du lurar på noko må du gjerne ta kontakt med oss.
Avdelingsleiarane
Nyttige lenker