Hopp til hovedinnhold

Meir opplæring i fag frå vidaregåande skule

Om du har stryk i fag (karakteren 1, eller IV til standpunkt), får 1 eller har fråvær på eksamen har du rett på meir opplæring fram mot ny standpunktkarakter.

Kven gjeld retten for

Dei som har gjennomført, men ikkje bestått, opplæringa og har opplæringsrett etter oppll. § 5-1 har rett på meiropplæring som elev, jf. opplæringsforskrifta § 5-2.

Kva er retten

Om du har stryk i fag (karakteren 1, eller IV til standpunkt), får 1 eller har fråvær på eksamen har du rett på meir opplæring fram mot ny standpunktkarakter. Dette gjeld berre dersom du har følgt opplæringa fram til og med 1.mars. Du må ikkje ha slutta eller gått over fråværsgrensa pr. 1.mars.

Frist for å melde seg til meiropplæring

 Fristen for å melde frå om at du vil har meiropplæring i fag frå neste skuleår er 1.juli. Oppfyller du krava til meiropplæring og har søkt innan fristen har rett på eit tilbod frå neste skuleår. Om du melder ønskje til ein skule om meiropplæring etter fristen (t.d. ved skulestart), vil du berre kunne få tilbod om opplæring dersom skulen har høve til organisere dette for deg.  

Meld frå her