- Elektro og datateknologi
- Helse- og oppvekstfag
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Tilrettelagt opplæring

Velkomen til skulen vår
Osterøy vgs ligg i Lonevåg på Osterøy ca. 40 min køyring frå Bergen sentrum. Skulen har om lag 200 elevar fordelt på fire utdanningsprogram. Det moderne skulebygget var ferdigstilt i 2010, med mykje nytt utstyr og lyse trivelege lokaler. På skulen jobbar vi aktivt for eit godt og inkluderande skulemiljø, og vi har svært gode resultat innan trivsel, læringskultur, faglege utfordringar samt elevdemokrati og elevmedverknad.Undervisningsevalueringa 2025-2026
Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Vestland skal gjennomføre ei undervisningsevaluering. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket.
Miljøet på skulen
Vi jobbar aktivt og systematisk for at det skal vere eit godt psykososialt miljø på skulen, der kvar enkelt elev kan oppleva tryggheit og sosial tilhøyrsle. Eleven sitt psykososiale miljø dreier seg om korleis tilsette og elevar oppfører seg mot kvarandre på skulen.Aktuelle saker
29.10.2025
Elevundersøkinga 2025
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får seie si meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skulen. Elevane svarer på spørsmål om mellom anna trivsel, mobbing, miljø, motivasjon og støtte frå lærar. Her på skulen vert ...

